Førjulsfest med skulen

Frøysland skule inviterer til førjusfest torsdag 18.desember kl. 19.00.

Småskulen vil framføre syngespelet «Ei glede for heile folket».

Storskulen har laga programmet sitt sjølv i år. Temaet er juletradisjonar før og no. Her får vi vite meir både om julekort, julepresangar, juletre og, ikkje minst, julemat. Elevane har gått grundig til verks. Saman med Magnhild har dei fått lære å lage sylteflesk, og dei har vore hos Gunnar Jan og laga julepølser. Ragnhild og Solveig vil halde kurs for dei i lefsebaking, og på festen vil de både få sjå og smake resultatet.Det vert i det heile ein spennande mat-meny med mange ulike smakar.

Og for dei minste: Nissen kjem!

Alle er hjarteleg velkomne!

Kommenter innlegget