Bygdeutviklingslaget

Haukedalen Bygdeutviklingslag består av eit styre som møtast med jamne mellomrom for å drøfte saker og legge til rette for positive tiltak i bygda. Døme på kva utviklingslaget arbeider med er søknadar/innspel til kommune og fylkeskommune, søknadar om midlar til ulike tiltak, planlegging og gjennomføring av arrangement etc.

Leiar i Bygdeutviklingslaget er Monika Igland Frøysland. Sjå Blogg om aktuelle saker. Bruk gjerne søkefunksjon etter kategori i meny på høgre side.

Referat fra Årsmøtet i 2012:

Referat frå årsmøte i Haukedalen bygdeutviklingslag 4.mars 2012

54 personar var til stades + ca. 20 born i ulik alder.

Borna var samla i eit klasserom med ulike aktivitetar. Dei største borna såg  etter dei minste.

Sak 1: Opning av møtet

Leiar i bygdeutviklingslaget, Jan Inge Hage, ønskte velkommen.  Som opning  las han eit dikt av Olav H. Hauge som heiter «Sju vindar».

Sak 1.1  Godkjenning av innkalling:

Det var ingen merknader til innkallinga.

Sak 1.2  Godkjenning av sakliste:

Det var ingen merknader til sakslista. Jan Inge Hage orienterte om to innkomne saker som han ville komme tilbake til.

Sak 1.3  Val av møteleiar

Jan Inge Hage vart vald til møteleiar.

Sak 1.4  Val av skrivar

Lilly Grøneng vart vald til skrivar.

 

Sak 1.5  Val av to personar til å skrive under møteboka saman med skrivar:

Anne Grethe Steinfeld og Robert Frøysland vart valde til å skrive under møteboka.

Sak 2 – Ordførar Olve Grotle har ordet

Førdepakken:

Han viste ein Power Point-presentasjon om  den såkalla  Førdepakken as.

Førdepakken as er eit heilt nyskipa selskap, berre eit par dagar gammal, og skal jobbe i hovudsak  med vegsaker i og rundt Førde.

Det skal vere eit pådrivarselskap i vegspørsmål, hente inn fagkompetanse, rekne pris på ulike alternativ, komme med framlegg til prioriteringar og gjere framlegg til vedtak.

Bakgrunnen for Førdepakken  er at Førde er eit viktig senter i Sogn og Fjordane, og manglande infrastruktur verkar hemmande på byggjeaktivitet og utvikling.

Val av line for E-39 vert bl.a. eit viktig arbeidsområde for selskapet.

Men det skal også takast stilling til kvar RV 5 (Florøvegen) kjem inn til Førde sentrum og  korleis det lokale sykkel- og gatenettet i Førde skal utformast.

Både nabokommunane til Førde, næringslivet, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Statens vegvesen, bilistar og syklistar er involvert i  prosjektet.

Selskapet må jobbe effektivt for å få fram saker  til vedtak.

 

Innsparingsprosjekt i Førde kommune:

Vår 2011 vart det sett i gang ein prosess i Førde kommune som skulle setje søkelyset på innsparingstiltak i kommunen.  Bakgrunnen for dette var at kommunen går med underskot, og for å kunne gjere nye investeringar, trengst eit årleg overskot på 2,5%.

Først vart det føreslege ei innsparing på 10 mill. Konsulentselskapet Agenda Kaupang meinte det var eit potensiale på 30 mill, og politikarane  vart samde om å setje ei grense på 24 mill.

Det har vore nedsett arbeidsgrupper som har jobba med framlegg til innsparingar. Kvar etat har hatt si arbeidsgruppe. Desse gruppene har no levert sine rapportar til formannskapet.

Planen skal vedtakast i slutten av mars 2012.

Når det gjeld skule, har det vore to parallelle grupper, eit som har rekna på drift og ei på struktur.

Dersom bystyret vel å gjere endringar i skulestrukturen, vert det ein lang og omfattande prosess.

Det vart opna for spørsmål:

Gert Runar Rørvik spurde om det var rimeleg at bygda Haukedalen skulle  lide for store investeringstiltak i sentrum.

Her svara ordføraren at investeringstiltak i sentrum skal komme heile kommunen til gode.

Berit Hårklau spurde om transportkostnadane av skuleskyss var tekne med i framlagde rapport.

Dette var ordføraren litt usikker på.  Dessutan er skuleskyss eit vanskeleg reknestykke då det er ei deling mellom fylke og kommune.

Lilly Grøneng, som har vore med i driftsreduksjonsgruppa for skule, spurde kva som låg bak fordelinga 2,1 mill frå struktur og resten på drift.

Dette kunne ordføraren heller ikkje svare på. Saka har eigentleg ikkje vore  drøfta i politiske fora enno.

Monika Frøysland  viste til auke i elevtalet, gode lokale på Frøysland  og lang skuleveg til Holsen. Dessutan treng Holsen skule oppgradering. Kva vil skje med skulebygget vårt viss skulen vert lagt ned?

Dette kunne ordføraren heller ikkje svare på. Det er ikkje teke stilling til kva som skal skje med evt. nedlagde skulebygningar.

Han peika nok ein gong på at det er viktig å gje seg tid til å drøfte alle sider og at alle skal få målbere meiningane sine.

Robert Frøysland påpeika at kommunen ikkje har dårleg råd viss  han  prioriterer  å bruke pengane til naudsynte tiltak. Og skule i Haukedalen er eit slikt naudsynt tiltak.  Det er inga framtid for Haukedalen å måtte sende borna sine til Holsen eller Sunde.

Ordføraren var glad for at folk sa det dei meinte.

Jan Inge takka ordføraren for at han kom og gav han eit kubbelys i gåve.

Sak 3.  Skulenedlegging:

Ivar Frøysland  orienterte om arbeidet i nemnda som jobbar mot skulenedlegging.

Han argumenterte godt for  kvifor bygda treng skule. Blant anna påpeika han at ein nedlagd skule  aldri vil startast opp att. Eit slikt vedtak er endeleg «kroken på døra».

Han påpeika den lange og til dels usikre skulevegen som elevane vil få.

Skulen er ein viktig del av heile bygdesamfunnet.

-Denne saka verken kan eller skal vi tape, sa han.

Sak 4  Bustadfelt i Haukedalen:

Jan Inge Hage innleia i saka.

Ein bør i bygda leggje ut eit byggjefelt slik at fleire får høve til å slå seg ned her om dei ynskjer det.

Det er 3 måtar å starte ein slik prosess på:

  1. Grunneigar(ar)  kan kome med innspel til bygdeutviklingslaget dersom dei har eit område dei er interessert i å selje/leggje ut.
  2. Bygdeutviklingslaget kan  sjå på aktuelle stader og så ta kontakt med grunneigar(ar).
  3. Grunneigarar  kan sjølve få regulert eit område til bustadføremål, lage  ein  privat reguleringsplan.

Uansett er det ein del formalitetar som skal gjerast, og ein slik prosess tek tid.

Ivar Frøysland  fortalde  at det tidlegare vart  utpeika eit areal på hans eigedom som kunne vere aktuelt. Dette området ligg ved lysløypa. For å kunne setje i gang bygging, må det hoggast ein del granskog. Dette ser han lysare på i dag enn tidlegare. Det må evt. føretakast ei mindre flytting av lysløypa.

Olve Grotle opplyste at  arealdelen til kommuneplanen i kommunen skal opp til revidering.  Eit evt. bustadfelt i Haukedalen bør komme med i denne omgangen, for endring av reguleringsplanen er eit møysommeleg arbeid.

 

Sak 5   Merking av naturstiar m.m.

Anne Therese Kusslid orienterte om prosjektet merking av naturstiar.

Viser her til orientering i årsmeldinga for 2011.

 

Sak 6    Arbeid med meir autovern langs vegen i Haukedalen:

Terje Årskaug orienterte om det som var gjort i denne saka.

Det er blitt undersøkt prisar, og  autovern kostar 380 kr pr.  m.

Viser også her til årsmeldinga.

Norvald Hårklau påpeika at svingen austanfor Ivar Frøysland også kvalifiserer til autovern. Her er eit farleg parti.  Leiar lova å ta dette med i vidare arbeid,

Det var så matpause.

Etterpå fekk ordføraren omvising ved rektor på skulen, Lilly Grøneng.

 

Sak 7   Årsmelding

Jan Inge Hage gjekk gjennom årsmeldinga.

Det var ingen merknader, og  årsmøtet godkjende ho.

Sak 8     Rekneskap for 2011 med melding frå revisor.

Terje Årskaug gjekk gjennom rekneskapen.

Bjørn Vold etterlyste midlar som ein har fått i samband med merking av turstiar. Svar på spørsmålet var at desse midlane får bygdeutviklingslaget ikkje før arbeidet er gjort.

Det var ingen merknader til rekneskapen utanom dette, og årsmøtet godkjende han.

Sak 9: Arbeidsplan for 2012:

Jan Inge Hage gjekk gjennom punkta i arbeidsplanen.

Det kom merknad om at saka om rekkverk langs vegen også må omfatte strekninga  på Frøysland etter innspel frå Norvald Hårklau.

Arbeidsplanen vart så godkjend.

Sak 10   Budsjett 2012:

Terje Årskaug la fram budsjettet.

Det var ingen merknader, og budsjettet vart vedteke.

Sak 11: Innkomne saker/ymse:

Idrettsgruppa i Haukedalen v. Robert Frøysland søkjer om tilskot til innkjøp av Skjeldalsfres til bruk i lysløypa.

Vedtak:  Saka vert sendt over til det nye styret.

Sissel Gjerland Ekra (i samarbeid med Odd Gunnar Frøysland) søkjer bygdeutviklingslaget om stønad til produsering av CD i samband med  innspeling av Haukedalssongen.  Som vederlag skal det på heftet som ligg ved CD’en skrivast litt om Haukedalen.

Vedtak:  Saka vert sendt over til det nye styret.

Margrethe Vie Myren tok opp spørsmålet om innkjøp av lyskastarar til scena i gymsalen. Ved tilstellingar der scena er i bruk, er det vanskeleg for publikum å sjå, og det er så å seie umogeleg å filme eller fotografere.

Rektor ved skulen, Lilly Grøneng, støtta dette.

Vedtak: Saka vert sendt over til det nye styret.

 

Sak 12   Val av styre/vararepresentantar:

Anne Grethe Steinfeld  la fram framlegg til val av styremedlemmer og vararepresentantar.

Valnemnda var sett saman av Ingunn Rørvik, Roald Birkeland og Anne Grethe Steinfeld.

Ingunn Rørvik var leiar.

Alle framlegga frå valnemnda vart vedtekne:

Styret vert samansett slik:

Leiar: Jan Inge Hage                    vara: Laila Johanne Hage

Styremedlem: Anne Therese Kusslid      vara: Kjell Olav Kusslid

Styremedlem: Terje Årskaug       vara: Frank Frøysland

Styremedlem: Nils Gjerland         Vara: Lilly Grøneng

Styremedlem Magne Hornnes      Vara Henny Råheim (desse var ikkje på val)

Alle vart  valde for 2 år utanom Jan Inge Hage og Laila Johanne Hage. Dei vart valde for 1 år.

Magne Hornnes og Henny Råheim har att eitt år av valperioden sin.

Sak 13  Val av representantar til husstyret for Frøysland skule:

Her er Lilly Grøneng fast medlem som rektor ved skulen.

Ivar Frøysland og  Jon Magnar Gjerland  tok  attval  og er valde for nye 2 år.

Roald Birkeland  tok attval som vara, og er vald for 2 nye år.

Sak 14   Ny valnemnd:

Ingunn Rørvik går ut.

Berit Hårklau vart vald som nytt medlem.

Valnemnda for neste val vert då:

Roald Birkeland – leiar (1 år)

Anne Grethe Steinfeld  (2 år)

Berit Hårklau (3 år)

Haukedalen 06.03.2012

……………….                    ………………………      ………………………

Lilly Grøneng                                 Anne Grethe Steinfeld                 Robert Frøysland

skrivar

Advertisements

This page has the following sub pages.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s