Julekonsert 21.desember 2014

AV HAUKEDALEN

FOR HEILE VERDA!

Er du interessert i å synge jula inn saman i Haukedalen? Korsang er ei kjend gledesspredar for deltakarar og publikummarar. Synge og prestere saman gir lagkjensle og knytter bånd mellom menneske på ein fin og annleis måte.

Julekonserten treng solistar, barnekor, songgruppa, kor med vaksne og ungdom, musikarar som spelar piano, gitar, trekkspel, blåsere eller rytmeinstrument. Det vert kjente og kjære julesongar, men har du eit spesielt ynskje, tar vi gjerne det med!

Konserten og dei fleste øvingane finn stad i Haukedalen kyrkje. Tidspunkt kan variere utifrå når songarar/musikarar kan stille. – Nokre sundagar etter kyrkjetid og nokre ettermiddagar for born eller kveldar for vaksne.

Du melder deg på som songar/musikar til Ann Karin, telefon: 92482368 innan 15.oktober. Fortel kva du ynskjer å gjere. Spele? Syngje av full hals til ein spesiell julesang du har drøymt om å synge aleine med bakgrunnskor? Syngje i kor med andre?

Repertoiret, songane, må meldast inn til Ann Karin innan 15.november då desse skal godkjennast av kantor i Haukedalen kyrkje.

Første øving: måndag 13.10.2014 kl. 17.30-19.00 i kyrkja.

Oppdatering av informasjon vert via facebook og per telefon for dei som ynskjer det.

Helsing Ann Karin.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s