Turist i Haukedalen?

Haukedalen er ei jordbruksbygd med ca. 120 innbyggarar, 25 gardsbruk og eiga skule. Dei fleste gardsbruka driv med mjølk, ull og kjøttproduksjon av storfe og sau. Ved sidan av gardsbruka er det mange som driv med attåtnæringar; butikk, mini- og mikrokraftverk, verkstad, graving, vedproduksjon og mykje anna.

Det er også mange av gårdane som leiger ut båtar og hytter og hus til overnatting. Haukedalen har eit flott terreng for friluftsliv, jakt og fiske, og spesielt er Haukedalsvatnet kjent for sin store og flotte aure. Det er også gode høve for fiske i Gaula og fleire av dei mindre fjellvatna. Dalen har også eit rikt terreng for sopp og bær og for dei som ønskar å gå fotturar er det mange merka stiar for korte og lette eller lange og krevjande turar.

Naturoppleving

Dersom du vil nyte livet i naturen utan å gå i kø er Haukedalen det perfekte utgangspunkt. Her er mange fine turar i skog og på fjell og det er mange gamle stølar som er vel verdt eit besøk. Nedanfor finn du ei liste over nokre av dei vi kan tilrå. Her er både småturar og lange tunge dagsturar. Du kan gå i skog, på fjell eller bre. Tur/retur Haukedalen over fjella til ei av nabobygdene. Ønskjer du å kjøpe turkart over Haukedalen og området rundt med oppmerka løyper og turbeskriving kan du kjøpe det her:

Rørvikflåten Handel
Den norske turistforeningen, kontoret i Førde

Haukedalen som feriestad

Haukedalen er den perfekte feriestad for deg som vil oppleve fred, ro og nærleiken til naturen. Her kan du gå fine turar i skog og på fjell, eller fiske i elvar og vatn. Haukedalsvatnet er kjent som eit spesielt fin vatn for aurefiske, då det er svært stor og fin fisk her. På seinsommaren er det fine høve både for sanking av sopp og bær.
Sjå Naturopplevingar for meir informasjon.

Korleis komme seg til Haukedalen, sjå kart og vegforklaring.

Kalvar på beite Hus til leie Utsikt frå Årskogheia

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s