Kart og vegforklaring

Haukedalen ligg fint til i sentrum av Sogn og Fjordane Fylke. Bygda og vatnet ligg stilt og fredeleg mellom fjella opp mot Jostedalsbreen. Til tross for det som nokre nok vil kalle ei usentral plassering er det mange alternative måtar å reise hit på. På denne sida finn du kart og reisebeskriving for nokre av dei mest brukte rutene.
Når du har funnet vegen opp til bygda vår er det eit sjeldan vakkert og rikt turområde, anten du vil fiske, plukke sopp og bær, eller berre gå lange eller korte turar i skog og på fjell. Det finnes to flotte kart over det fantastiske turområdet vårt. Du finn lenke til desse nederst på sida.

Rutebeskriving frå Oslo – Alt.1 over Hemsdal og Dragsvik
Rutebeskriving frå Oslo – Alt.2 over Filefjell og Skei
Rutebeskriving frå Bergen
Rutebeskriving frå Trondheim – Alt.1 over Otta
Rutebeskriving frå Trondheim – Alt.2 langs kysten
Turkart med opptekna løyper.
Kartet er til sals hjå Haukedalen Bygdeutvikling, Rørvikflåten Handel og Indre Sunnfjord Turlag.
Turkart frå Statens Kartverk over Haukedalen og områda ikring.
Begge kart er i målestokk 1:50000. Klikk på dei for å sjå sjølve kartet