Årsmøte Haukedalsgruppa 2016

Haukedalsgruppa (Idrettslaget) held årsmøte på Frøysland Skule

Torsdag 10.mars kl.20.00

I tillegg til dei vanlege sakene (val, godkjenningar og budsjett) er det to viktige drøftingssaker på saklista:

  • Utbetring og drift av lysløypa
  • Aktivitetsplan 2016/2017

Vel møtt!

Styret

 

Lysløypa

Lysløypa på Frøysland i Haukedalen er no om lag 2,5 kilometer. I utgangspunktet vil løypa vere preparert til tysdagskveldar og kvar helg framover, føresett bra snøtilhøve. For å kunne tilby gode løyper oppmodar vi om innbetaling av eit årleg løypebidrag på kr. 400,-  men vi er sjølvsagt takksame for alle bidrag.  Innbetaling til kontonummer 3700.20.46831, mrk. «Løypebidrag».

Ved spørsmål, ta kontakt med Robert Frøysland, mob. 916 92 095

Advertisements
Resultatliste skidag og skikarusell 2016

Resultatliste skidag og skikarusell 2016

Sundag 28. februar vart det tredje og siste rennet i skikarusellen 2016 arrangert i lysløypa. Rennet var også lagsrenn. Tilhøyrande skidagskafe med premieutdeling i skulen etterpå. Det var opphald og fint vær med klassisk «0-føre». Temperaturen var omlag +3 C. Servering av varm saft til alle deltakarane. Totalt 30 deltakarar, eindel tilskodarar og god stemning både i løypa og ved sekretariatet. På skidagskafeen var det sal av kaffi, kaker, vaflar, pølse med brød og brus. Resultat og deltakarliste:

Vaksne (damer 2 rundar og menn 3 rundar på 2 km):
Robert Frøysland 22:48, Ann Karin Nes 23:02, Gert Runar Rørvik 25:20, Lars Gjerland 28:39, Karoline Orheim 19:28, Ingunn Rørvik 29:36 og Johan Rørvik (1 runder) 19:23.

7-13 år (7-8 år 1 runde og 9-13 år 2 runder på 500 meter):
Ingeborg Rørvik 10:54, Daniel Hornnes 9:25, Ida Frøysland 5:01, Sigrid Grepstad Nes 5:22, Julie Hornnes 5:29, Arne Olai Vallestad 8:10, Ludvig Rørvik 7:22, Jenny Linnea Hage 6:18, Hanna Kvammen 9:56, Christian Søviknes Birkeland 10:04, Karoline Kvammen 4:52, Amanda Rørvik 4:53, Tone Renathe Søviknes Birkeland 5:42, Lina Hågøy Tonheim 9:03, Selma Toft Figenschau 6:08, Sarah Toft Figenschau 12:51.

6 år og yngre:
Nikolai Rørvik, Ingrid Frøysland, Andrea Frøysland, Astrid Frøysland, Sverre Grepstad Nes, Lina Myren Fjørstad og Emil Hågøy Fossen.

DSC_1692

Tidtakarar: Morten Vallestad og Jan Erik Gjerland.
Sekreteriat: Linn Grepstad Nes.
Kafesal: Linn Grepstad Nes, Bodil Støfring og Karin Øverli Grøneng.

Haukedalsgruppa (idrettslaget).

DSC_1709

Skidag i Haukedalen

Sundag 28. februar frå kl. 12.30  

blir det arrangert skidag med følgjande aktivitetar:

  • Lagsrenn
  • Kortløype for dei minste
  • Skidagskafé med premiering

Parkering ved skulen og start i lysløypa ved ”meieriet”. Påmelding kortløype/lagsrenn (kr. 30) frå kl. 12.30.

  • Start kortløype kl. 13.15
  • Start lagsrenn kl. 13.30

Lagsrennet er vinterens siste av totalt 3 renn i skikarusellen.

Open skidagskafé for alle på Frøysland skule frå kl. 14.00!

Sal av kaffi, kaker, vaflar, pølser og brus. Premiering lagsrenn og skikarusell (ved deltaking på minst 2 av 3 renn).

Vel møtt og med håp om godt oppmøte og fint vær!

Haukedalsgruppa

 

Resultat skikarusell 07.02.2016

Resultat skikarusell 07.02.2016

Sundag 7. februar vart det andre rennet i «skikarusellen» 2016 arrangert. Løpet vart gjennomført «med garden» hjå Robert Frøysland. Stilarten var fristil. Variert vær med regn, yr og litt opphold innimellom. Temperaturen var omlag +5 C. Med skiftande vær var det kjekt å kunne ha moglegheit for tak over hovudet i reidskapshuset.

Sal av kaffi, kakao, te, vaflar og fastelavnsbollar. Som vanleg var det servering av varm saft til alle deltakarane. Totalt 35 deltakarar og ungane deltok både på løp, med heiarop og leik rundt omkring i snøen. Løypetraseen var omlag 900 meter. Resultat og deltakarliste:

Vaksne (damer 4 rundar og menn 6 rundar):
Robert Frøysland 17:07, Ann Karin Nes 17:10, Gert Runar Rørvik 18:29, Maria Sivertstøl 25:27, Lars Gjerland 23:51 og Johan Rørvik (2 runder) 10:19.

7-13 år (deltakarar):
Ingeborg Rørvik 4:44, Emil Frøysland 7:17, Elias Frøysland 7:25, Daniel Hornnes 5:51, Maia Frøysland 7:31, Ida Frøysland 7:47, Sigrid Grepstad Nes 8:24, Julie Hornnes 8:30, Emilie Holsen 8:27, Arne Olai Vallestad 4:37, Ludvig Rørvik 3:51, Jenny Linnea Hage 8:49, Markus Apalseth 4:41, Hanna Kvammen 6:20, Christian Søviknes Birkeland 6:52, Karoline Kvammen 7:07, Lina Holsen 7:11, Alexander Bjørvik Rørvik 10:40, Daniel Frøysland 8:27, Tone Renathe Søviknes Birkeland 9:14.

6 år og yngre:
Nikolai Rørvik, Ingrid Frøysland, Andrea Frøysland, Astrid Frøysland, Sverre Grepstad Nes, Lina Myren Fjørstad, Mia Othelia Vallestad, Benjamin Bjørvik Rørvik, Andrine Frøysland.

Tidtakarar: Morten Vallestad og Rune Rørvik.
Sekreteriat og kafesal: Linn Grepstad Nes og Bodil Støfring.

Minnar om karusellrenn og skidag i lysløypa sundag 28.februar kl 13:00. Vel møtt!

Haukedalsgruppa (idrettslaget).

DSC_1595

Karusellrenn 2 – 2016

Søndag 7.februar blir det andre karusellrennet denne vinteren arrangert. Oppmøte «med garden» v/Robert Frøysland kl.14.00.
– Fristil. Klassar for barn, damer, herrar og seniorar

Robert har køyrt opp ei publikumsvenleg løype som passar spesielt godt til dei yngste (lett terreng). Ei spesiell oppmoding til de over 65 år om å delta i seniorklassa. Vi sel nysteikte vaflar, kaffi og kakao og fyrer opp bål for dei som vil varme seg eller grille medbrakt.
Møt opp og ver publikum eller deltakar på søndag så blir det garantert god stemning! 

~Haukedalsgruppa

 

Haukedalen Bygdeutviklingslag

Årsmøte

Søndag 24. januar kl. 13.00, Frøysland Skule

Sakliste:

  1. Opning av møtet
  2. Årsmelding for 2015
  3. Rekneskap for 2015
  4. Arbeidsplan for 2016
  5. Busjett for 2015
  6. Innkomne saker
  7. Val

 

Kafe og bingo

Søndag 24. januar kl. 14.00, Frøysland Skule

Vi har fine vinstar og køyrer to omgangar med bingo. Ta med penn og kontantar. Medlemsrabatt.

Vel møtt!

Resultat og deltakarliste karusellrenn

Sundag 17. januar vart det fyrste rennet i «skikarusellen» 2016 arrangert som skøyteløp på Vikja. I år er det akkurat 20 år sidan det sist vart arrangert skøyteløp i Haukedalen. Flott då at mange stilte sporty opp både som deltakarar og tilskodarar. Fint skøytevær med lett snø og flott preparert bane. Temperaturen var omlag -6 C.

Sal av kaffi, vaflar, pølse med brød og som vanleg var det servering av varm saft til alle deltakarane. Totalt 34 deltakarar og ungane deltok både på løp, med heiarop og leik rundt på isen. Resultat og deltakarliste:

Vaksne (to rundar a 250 m gjennomført som prolog, mellomheat og finale):
Kjell Olav Kusslid 1:00, Anne Therese Kusslid 1:10, Frank Frøysland 1:34, Robert Frøysland 1:28, Ann Karin Nes 1:37, Gert Runar Rørvik 1:10, Turid Vallestad 3:04, Jan Erik Gjerland 1:01, Arne Åsmund Gjerland 1:10, Dag Inge Gjerland 1:09, Gunnar Jan Gjerland 1:11 og Johan Rørvik (1 runde) 1:11.

7-13 år (deltakarar):
Ingeborg Rørvik, Emil Frøysland, Elias Frøysland, Daniel Hornnes, Amanda Rørvik, Elisabeth Kusslid, Maia Frøysland, Ida Frøysland, Sigrid Grepstad Nes, Julie Hornnes, Emilie Holsen, Arne Olai Vallestad, Ludvig Rørvik, Jenny Linnea Hage, Eirik Mathias Hage og Markus Apalseth.

6 år og yngre:
Nikolai Rørvik, Ann Kristin Kusslid, Ingrid Frøysland, Andrea Frøysland, Astrid Frøysland og Sverre Grepstad Nes.

Tidtakarar: Jan Erik Gjerland og Robert Frøysland.
Sekreteriat og kafesal: Linn Grepstad Nes og Henny Råheim.

Minnar om nytt karusellrenn i lysløypa sundag 7.februar kl 14:00. Vel møtt!

Haukedalsgruppa (idrettslaget).