Resultat karusell-/lagsrenn 12.mars (skidagskafe).

Sundag 12. mars vart det tredje og siste rennet (lagsrenn) i «skikarusellen” 2017 arrangert. Løpet vart gjennomført “med garden” hjå Robert Frøysland. Stilarten var klassisk. Det var overskya og +5 ℃. Som vanleg var det servering av varm saft til alle deltakarane. Etter rennet inviterte Haukedalsgruppa alle deltakarar, tilskodarar og bygdefolk på skidagskafe i skulen. Sal av kaffe, vaflar, brus og kaker. Her vart det utdelt lagsrennmedaljar, deltakarpremiar, heider og ære til deltakarane. Det var stor spenning ved trekning av basarbøker og ved loddtrekning. Både små og store vann fine premiar.

Totalt 34 deltakarar på lagsrennet og ungane deltok både på løp, med heiarop og leik rundt omkring i snøen. Løypetraseen var om lag 1 kilometer.

Resultat og deltakarliste:

Senior: (Damer – 3 rundar og Menn – 4 rundar):
Ann Karin Nes 15:22, Robert Frøysland 14:48, Gert Runar Rørvik 15:50, Kay Egil Heimestøl 24:19.

11-14 år (2 rundar):
Daniel Hornnes 13:09, Elias Frøysland 16:25, Arne Olai Vallestad 11:26, Hanna Kvammen 13:19, Silje Bergset Eide 14:52 og Ludvig Rørvik 09:24.

7-10 år (1 runde):
Sigrid Grepstad Nes 7:02, Andreas Haugs 9:51, Julie Hornnes 8:03, Maia Frøysland 7:26, Emil Frøysland 7:23, Karoline Kvammen 6:37, Ida Frøysland 6:25, Christian Andreas Søviknes Birkeland 7:00, Tone Renathe Søviknes Birkeland 8:02, Tormod Sværen Heimestøl 9:14, Ole Christian Bergset Eide 8:21, Amanda Rørvik 5:52 og Ingeborg Rørvik 5:32.

6 år og yngre:
Astrid Frøysland, Mia Othelia Vallestad, Sverre Grepstad Nes, Nikoline Bjørvik Rørvik, Andrea Frøysland, Ingrid Frøysland, Lina Myren Fjørstad, Jostein Kvammen, Benjamin Bjørvik Rørvik, Aksel Sværen Heimestøl og Nikolai Rørvik.

Tidtakarar: Magne Hornnes og Dag Inge Gjerland.
Sekreteriat og kafesal: Linn Grepstad Nes, Bodil Støfring, Magne Hornnes.

Takk for oppmøtet og gruppa oppfordrar små og store til å halde fram med ein aktiv fysisk kvardag.

(Minnar om at påskrive årstall på premiekoppane må varmast ved 150 C i 35 min for å tole oppvaskmaskin.)

~Haukedalsgruppa

Advertisements

Skitur sundag 12. april kl. 10.00

Haukedalsgruppa arrangerer skitur fyrste sundag etter påske. Vi startar i Øvrebotten og går fyrst på skogsveg opp til Vikumstølen. Deretter går vi innover Årskogheia til Årskogstølen.

Ta med rikeleg med turklede, utstyr, mat og drikke til ein skidag på fjellet.

Vel møtt til skitreff i vårluft og sosialt lag!

NB! Ved dårleg vær vert turen avlyst. For evt. info ring 92 48 23 68 (Robert).

 

 

Songen om Haukedalen

Treng du ei sommergåve? Hugs at «Songen om Haukedalen» er til salgs fleire stader i Haukedalen/Førde/Viksdalen. Sunnfjord Museum i Movika Lokaltorget på Coop Extra i Førde Viksdalen Handel og på Flåten. Songen er nydelig arrangert av Odd Gunnar Frøysland I tillegg bidrar han med gitar og piano. Strings Unlimeted bidrar med stryk. Sissel Gjerland syng fortreffeleg!
Vi deler gjerne songen og historia om Haukedalen med fleire!
cd cover haukedalssongen

Resultat skikarusell 23.02.2013

Laurdag 23. februar vart det tredje rennet i skikarusellen og lagsrennet arrangert i lysløypa. Solskin, flott vær og gode skispor.

Temperaturen i sola var omlag -2 C. Servering av varm saft til alle deltakarane. Totalt 37 deltakarar, mange tilskodarar og god stemning både i løypa og ved sekretariatet.

Klasse 0-6 år, kort rundløype: Amanda Rørvik, Maia Frøysland, Emil Frøysland, Iselin Øverli Vold, Ida Frøysland, Sigrid Nes, Karoline Kvammen, Julie Hornnes, Ann Kristin Kusslid, Elisabeth Kusslid, Andrine Frøysland, Alexander Bjørvik, Ola Lovik Gilleshammer.

Klasse 7-13 år, 1 runde: Ingeborg Rørvik 13,45, Elias Frøysland 16,45, Steffen Øverli Vold 19,19, Markus Apalset 11,37, Ludvig Rørvik 10,32, Hanna Kvammen 17,56, Daniel Hornnes 12,32, Kristian Bjorvand 9,06, Marie Leganger 9,54, Gabriel Gjerland 21,27, Elisabeth Leganger 11,10, Thea Bjørvik 17,28, Daniel Frøysland 24,00 og Elisabeth Bjorvand 10,11.

Damer, 2 rundar: Ingunn Rørvik 18,10, Anne Therese Kusslid 15,25, Ann Karin Nes 20,41, Anne Grethe Steinfeld 27,37 og Turid Vallestad 22,34.

Menn, 3 rundar: Frank Frøysland 26,21, Bjørn Vold 24,52, Gert Runar Rørvik 20,37, Robert Frøysland 20,19 og Kjell Olav Kusslid 18,48.

Tidtakarar: Ivar Frøysland, Morten Vallestad og Rune Rørvik.

Minnar om trimposten i lysløypa som blir flytta ned til unnabakken mot skiskyttarstadion.

Takk for i år og velkommen att til ny skidyst neste år!

Haukedalsgruppa.IMG_3221