Årsmøte Haukedalsgruppa 2016

Haukedalsgruppa (Idrettslaget) held årsmøte på Frøysland Skule

Torsdag 10.mars kl.20.00

I tillegg til dei vanlege sakene (val, godkjenningar og budsjett) er det to viktige drøftingssaker på saklista:

  • Utbetring og drift av lysløypa
  • Aktivitetsplan 2016/2017

Vel møtt!

Styret

 

Lysløypa

Lysløypa på Frøysland i Haukedalen er no om lag 2,5 kilometer. I utgangspunktet vil løypa vere preparert til tysdagskveldar og kvar helg framover, føresett bra snøtilhøve. For å kunne tilby gode løyper oppmodar vi om innbetaling av eit årleg løypebidrag på kr. 400,-  men vi er sjølvsagt takksame for alle bidrag.  Innbetaling til kontonummer 3700.20.46831, mrk. «Løypebidrag».

Ved spørsmål, ta kontakt med Robert Frøysland, mob. 916 92 095

Advertisements

Karusellrenn 2 – 2016

Søndag 7.februar blir det andre karusellrennet denne vinteren arrangert. Oppmøte «med garden» v/Robert Frøysland kl.14.00.
– Fristil. Klassar for barn, damer, herrar og seniorar

Robert har køyrt opp ei publikumsvenleg løype som passar spesielt godt til dei yngste (lett terreng). Ei spesiell oppmoding til de over 65 år om å delta i seniorklassa. Vi sel nysteikte vaflar, kaffi og kakao og fyrer opp bål for dei som vil varme seg eller grille medbrakt.
Møt opp og ver publikum eller deltakar på søndag så blir det garantert god stemning! 

~Haukedalsgruppa

 

Skitur sundag 12. april kl. 10.00

Haukedalsgruppa arrangerer skitur fyrste sundag etter påske. Vi startar i Øvrebotten og går fyrst på skogsveg opp til Vikumstølen. Deretter går vi innover Årskogheia til Årskogstølen.

Ta med rikeleg med turklede, utstyr, mat og drikke til ein skidag på fjellet.

Vel møtt til skitreff i vårluft og sosialt lag!

NB! Ved dårleg vær vert turen avlyst. For evt. info ring 92 48 23 68 (Robert).

 

 

Årsmøte i Haukedalsgruppa 2015

Haukedalsgruppa (Idrettslaget) held årsmøte på Frøysland skule

Måndag 23. mars kl. 20.00

Sakliste:

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste.
  2. Val av møteleiar.
  3. Val av skrivar.
  4. Val av to til å skrive under møteboka.
  5. Godkjenning av årsmelding 2014.
  6. Godkjenning av rekneskap 2014.
  7. Budsjett 2015.
  8. Leigeavtale løypekøyring.
  9. Drøftingssaker:
    – Utbetring av lysløypa.
    – Aktivitetsplan 2015/2016.
  10. Val
  11. Ymse

Det vert enkel servering.

Vel møtt!

Styret i Haukedalsgruppa.

Resultat karusellrenn med sprintstafett og skidagskafé

Ungane startar: KLAR - FERDIG - GÅ!  For ein iver, for ein innsats!

Ungane startar: KLAR – FERDIG – GÅ!
For ein iver, for ein innsats! Foto: Ann Karin Nes.

Sundag 8. mars vart det fjerde og siste rennet i skikarusellen 2015 arrangert i lysløypa. Tilhøyrande skidagskafe i skulen etterpå. Det var først opphaldsver og so tok det til å sludde og regne i store mengder…

Temperaturen var omlag +5 C. Servering av varm saft til alle deltakarane. Totalt 39 deltakarar, nokre tilskodarar og god stemning både i løypa og ved sekretariatet.

Sprintstafett (1.etappe kort runde, 2. og 3. etappe 2 km i lysløypa):

1.plass: Emil Frøysland, Turid Vallestad, Kjell Olav Kusslid.
2.plass: Thea Bjørvik, Thomas Løland, Robert Frøysland.
3.plass: Sondre Løland, Ingeborg Rørvik, Gert Runar Rørvik.
4.plass: Maia Frøysland, Ludvig Rørvik, Ann Karin Nes.
5.plass: Christian A. S. Birkeland, Celine Kvamme Myren, Steffen Fjørstad.
6.plass: Amanda Rørvik, Arne Olai Vallestad, Frank Frøysland.
7.plass: Daniel Hornnes, Torjus Bjørvik, Anne Therese Kusslid.
8.plass: Elias Frøysland, Markus Apalset, Karoline Orheim.
GOD INNSATS OG STÅ-PÅ-VILJE HJÅ ALLE DELTAKARAR!

Små og store i skjønn foreining under premiering for innsatsen i sprintstafetten.

Små og store i skjønn foreining under premiering for innsatsen i sprintstafetten. Foto: Ann Karin Nes.

5-7 år:
Ida Frøysland 3:51, Ida Løland 6:04, Iselin Ø. Vold 6:40, Sigrid Grepstad Nes 4:04, Tone Renathe Birkeland 4:39, Elisabeth Kusslid 5:25, Maia Frøysland 3:49, Julie Hornnes 4:39, Alexander B. Rørvik 6:29, Amanda Rørvik 3:21.

4 år og yngre:
Astrid Frøysland, Ingrid Frøysland, Andrea Frøysland, Sverre Grepstad Nes, Lina Myren Fjørstad, Ann Kristin Kusslid, Nikolai Rørvik.

Skidagskafé på Frøysland skule. Om lag 75 personar tilstades. Bordkonkurranse og gode diskusjonar rundt kaffidrøsen.

Skidagskafé på Frøysland skule. Om lag 75 personar tilstades. Bordkonkurranse og gode diskusjonar rundt kaffidrøsen. Foto: Linn Grepstad Nes.

Tidtakarar: Morten Vallestad Grøneng og Bjørn Vold.

Takk for kjøkkenhjelp ved Bodil Dagheid Støfring, Anne Grethe Steinfeldt og Siv Øverli Vold!

Takk til dei som bidrog med kake til skidagskaféen!

 

 

Haukedalsgruppa (idrettslaget).

 

 

 

Skidag i Haukedalen

 Sundag 8. mars frå kl. 12.30  

blir det arrangert skidag med følgjande aktivitetar:

  • Kortløype for dei minste (0 – 7 år).
  • Sprintstafett med inndeling av lag.
  • Skidagskafé med diverse premiering.

 Påmelding sprintstafett og kortløype på skulen frå kl. 12.30

  • Start kortløype kl. 13.00
  • Start sprintstafett kl. 13.30

Parkering ved skulen og start ved ”meieriet”.

Sprintstafetten er vinterens siste renn i skikarusellen.

————————————————————————————————-

Open skidagskafé for alle på Frøysland skule frå kl. 14.00

Bordkonkurranse og sal av kaffi, kaker, vaflar, pølser og brus.

Premiering bordkonkurranse, lysløypetrimmen, sprintstafett, lagsrenn (22. februar) og skikarusellen.


Vel møtt og med håp om godt oppmøte og fint vær!

Haukedalsgruppa

 

 

Resultat karusellrenn 22.februar

Sundag 22. februar vart det tredje rennet i skikarusellen arrangert i lysløypa. Skiftande skydekke, lette snøbyger, solskinn innimellom og utfordrande smøreforhold.

Oppvarming og førebuingar. Foto: Ann Karin Nes.

Oppvarming og førebuingar. Foto: Ann Karin Nes.

 

Alle 46 deltakarar og tilskodarar samla på standplass før startskotet gjekk. Ski og stavar i alle retningar. Ungane var flinke å stå i kø. Foto: Ann Karin Nes.

Alle 46 deltakarar og tilskodarar samla på standplass før startskotet gjekk. Ski og stavar i alle retningar. Ungane var flinke å stå i kø. Foto: Ann Karin Nes.

 

Temperaturen var omlag 0 C. Servering av varm saft til alle deltakarane. Totalt 46 deltakarar, mange tilskodarar og god stemning både i løypa og ved sekretariatet.

 

 

Vaksne (menn tre runder, damer to runder):

Frank Frøysland 33:12, Anne Therese Kusslid 20:29, Kjell Olav Kusslid 24:30, Gert Runar Rørvik 28:14, Ann Karin Nes 26:28, Robert Frøysland 27:39, Lars Gjerland 30:30, Turid Vallestad 26:58.

 

 

 

 

7-14 år (ei runde):
Steffen Vold 20:08, Christian Birkeland 19:25, Sondre Løland 13:29, Thomas Løland 11:43, Elisabeth Bjorvand 11:37, Eirik Mathias Hage 13:53,

Klasse 7-15 år har heltemodig gått sin runde. God innsats! Foto: Linn Grepstad Nes.

Klasse 7-15 år har heltemodig gått sin runde. God innsats! Foto: Linn Grepstad Nes.

Markus Apalseth 12:15, Celine Myren 10:48, Emil Frøysland 15:44, Elias Frøysland 16:27, Arne Olai Vallestad 12:15, Cedrik Bjørvik 18:20, Thea Bjørvik 16:37, Torjus Bjørvik 13:19, Kristian Undheim 12:03, Ludvig Undheim 11:40, Ludvig Rørvik 11:40, Ingeborg Rørvik 13:54, Hanna Kvammen 16:08, Kristian Bjorvand 7:18.

5-7 år:
Ida Frøysland 4:40, Ida Løland 4:57, Jenny Linnea Hage 4:28, Tone Renathe Birkeland 4:16, Sigrid Grepstad Nes 4:28, Maia Frøysland 4:12, Elisabeth Kusslid 5:33, Alexander Rørvik 5:54, Karoline Kvammen 4:05, Amanda Rørvik 3:38.

4 år og yngre:
Astrid Frøysland, Ingrid Frøysland, Andrea Frøysland, Sverre Grepstad Nes, Lina Myren Fjørstad, Ann Kristin Kusslid, Andreas Undheim, Nikolai Rørvik. 

Dei vaksne deltakarane stilte sporty opp og gjekk flittig sine runder. Foto: Linn Grepstad Nes.

Dei vaksne deltakarane stilte sporty opp og gjekk flittig sine runder. Foto: Linn Grepstad Nes.

 

Tidtakarar: Rune Rørvik og Siv Øverli Vold.

Minnar om sprintstafett og skidagskafè sundag 08.mars kl. 13:00 med premiering på Frøysland skuleVel møtt!

Haukedalsgruppa (idrettslaget).