Resultat karusell-/lagsrenn 12.mars (skidagskafe).

Sundag 12. mars vart det tredje og siste rennet (lagsrenn) i «skikarusellen” 2017 arrangert. Løpet vart gjennomført “med garden” hjå Robert Frøysland. Stilarten var klassisk. Det var overskya og +5 ℃. Som vanleg var det servering av varm saft til alle deltakarane. Etter rennet inviterte Haukedalsgruppa alle deltakarar, tilskodarar og bygdefolk på skidagskafe i skulen. Sal av kaffe, vaflar, brus og kaker. Her vart det utdelt lagsrennmedaljar, deltakarpremiar, heider og ære til deltakarane. Det var stor spenning ved trekning av basarbøker og ved loddtrekning. Både små og store vann fine premiar.

Totalt 34 deltakarar på lagsrennet og ungane deltok både på løp, med heiarop og leik rundt omkring i snøen. Løypetraseen var om lag 1 kilometer.

Resultat og deltakarliste:

Senior: (Damer – 3 rundar og Menn – 4 rundar):
Ann Karin Nes 15:22, Robert Frøysland 14:48, Gert Runar Rørvik 15:50, Kay Egil Heimestøl 24:19.

11-14 år (2 rundar):
Daniel Hornnes 13:09, Elias Frøysland 16:25, Arne Olai Vallestad 11:26, Hanna Kvammen 13:19, Silje Bergset Eide 14:52 og Ludvig Rørvik 09:24.

7-10 år (1 runde):
Sigrid Grepstad Nes 7:02, Andreas Haugs 9:51, Julie Hornnes 8:03, Maia Frøysland 7:26, Emil Frøysland 7:23, Karoline Kvammen 6:37, Ida Frøysland 6:25, Christian Andreas Søviknes Birkeland 7:00, Tone Renathe Søviknes Birkeland 8:02, Tormod Sværen Heimestøl 9:14, Ole Christian Bergset Eide 8:21, Amanda Rørvik 5:52 og Ingeborg Rørvik 5:32.

6 år og yngre:
Astrid Frøysland, Mia Othelia Vallestad, Sverre Grepstad Nes, Nikoline Bjørvik Rørvik, Andrea Frøysland, Ingrid Frøysland, Lina Myren Fjørstad, Jostein Kvammen, Benjamin Bjørvik Rørvik, Aksel Sværen Heimestøl og Nikolai Rørvik.

Tidtakarar: Magne Hornnes og Dag Inge Gjerland.
Sekreteriat og kafesal: Linn Grepstad Nes, Bodil Støfring, Magne Hornnes.

Takk for oppmøtet og gruppa oppfordrar små og store til å halde fram med ein aktiv fysisk kvardag.

(Minnar om at påskrive årstall på premiekoppane må varmast ved 150 C i 35 min for å tole oppvaskmaskin.)

~Haukedalsgruppa

Advertisements

Resultatliste karusellrenn 15. januar

Aktivitet i løypa

Aktivitet i løypa

Sundag 15. januar vart det fyrste rennet i “skikarusellen” 2017 arrangert. Løpet vart gjennomført “med garden” hjå Robert Frøysland. Stilarten var klassisk. Klart vintervær med om lag -11℃. Var då kjekt å kunne sitte på benkar rundt bålpanna og varme småfrosne tær og fingrar!

Sal av kaffi og vaflar. Som vanleg var det servering av varm saft til alle deltakarane. Totalt 31 deltakarar og ungane deltok både på løp, med heiarop og leik rundt omkring i snøen. Løypetraseen var omlag 1000 meter. Resultat og deltakarliste:

Vaksne (damer 2 rundar og menn 4 rundar): Robert Frøysland 15:50, Ann Karin Nes 10:36, Gert Runar Rørvik 15:06, Lars Gjerland 19:50 og Karoline Orheim 10:50.

11-14 år (2 rundar): Arne Olai Vallestad 13:16, Ludvig Rørvik 10:17, Elias Frøysland 16:18, Thea Bjørvik 16:35, Lina Tonheim 14:37, Daniel Hornnes 12:57.

7-10 år (1 runde): Ingeborg Rørvik 6:08, Emil Frøysland 6:45, Maia Frøysland 7:33, Ida Frøysland 6:42, Sigrid Grepstad Nes 7:37, Julie Hornnes 9:10, Christian Søviknes Birkeland 7:09, Alexander Bjørvik Rørvik 15:35, Amanda Rørvik 6:11, Tone Renathe Søviknes Birkeland 9:03, Andreas Haugs 5,05 (kort løype).

6 år og yngre: Nikolai Rørvik, Ingrid Frøysland, Andrea Frøysland, Astrid Frøysland, Sverre Grepstad Nes, Lina Myren Fjørstad, Mia Othelia Vallestad, Benjamin Bjørvik Rørvik, Emil Hågøy Fossen.

Tidtakarar: Magne Hornnes og Dag Inge Gjerland. Sekreteriat og kafesal: Linn Grepstad Nes.

Minnar om neste karusellrenn i lysløypa sundag 5.februar kl 14:00. Vel møtt!

Haukedalsgruppa (idrettslaget).

karusell-15-feb-2

Folkesamling

Sommardanseskule i Haukedalen

Maria Bjorvand vil i sommar ha danseskule i Haukedalen. Ho er 19 år gammal og har yrkesdansarutdanning frå Kungliga Svenska Balettskolan i Stockholm. I samarbeid med Førde IL Haukedalsgruppa inviterer ho gutar og jenter i 1.-7.klasse til å lære mellom anna ulike danseteknikkar, akrobatikk og balansetrening – grunnleggande øvingar som er gunstige å meistre i både dans og idrett.

Stad: Frøysland Skule (gymsalen)

Dato: Måndag 4.juli-fredag 8.juli

Tid: 09.00-15.00

Pris: kr 850,- per deltakar. 25% søskenrabatt

Merk at deltakarar må vere medlem av Førde IL eller anna idrettslag tilknytt NIF. Påmelding innan 10.juni til mariaadelinebjorvand@gmail.com (Merk deltakars namn og alder) . Sjå vedlegg for meir informasjon: Danseskole sommer 2016-2

 

SKIDAG PÅ RØRVIKFJELLET OG TUR TIL VENEVASSEGGJA

Påskeaftan 2016

– Kl.10.00: skitur til Venevasseggja

– Kl.13.00: skileik på Rørvikfjellet

Oppmøte på parkeringsplassen på Rørvikfjellet

Førde IL Haukedalsgruppa inviterer til skiaktivitetar påskeaftan 2016:

Robert Frøysland tar turen til Venevasseggja med dei som har lyst på fin påskeskitur. Denne turen passar for vaksne og barn frå ca 4.klasse i følgje med vaksen. Start kl.10.00 frå parkeringsplassen på Rørvikfjellet.

For dei som føretrekk ein familiedag på Rørvikfjellet vil vi legge til rette for skileik. Aktuelle aktivitetar er hopp, slalom, kulekøyring og anna skileik, men ta gjerne med akebrett også. Frå kl.13.00 og utover.

Ta med de det treng av mat/drikke og utstyr sjølve. Tilbodet er gratis.

Vi tek atterhald om avlysing dersom dårleg ver. Ev. ytterlegare informasjon vert lagt ut på Haukedalsen si facebookgruppe og denne internettsida.

Utskriftsvenleg informasjon: Påskeaktivitet 2016

Årsmøte Haukedalsgruppa 2016

Haukedalsgruppa (Idrettslaget) held årsmøte på Frøysland Skule

Torsdag 10.mars kl.20.00

I tillegg til dei vanlege sakene (val, godkjenningar og budsjett) er det to viktige drøftingssaker på saklista:

  • Utbetring og drift av lysløypa
  • Aktivitetsplan 2016/2017

Vel møtt!

Styret

 

Lysløypa

Lysløypa på Frøysland i Haukedalen er no om lag 2,5 kilometer. I utgangspunktet vil løypa vere preparert til tysdagskveldar og kvar helg framover, føresett bra snøtilhøve. For å kunne tilby gode løyper oppmodar vi om innbetaling av eit årleg løypebidrag på kr. 400,-  men vi er sjølvsagt takksame for alle bidrag.  Innbetaling til kontonummer 3700.20.46831, mrk. «Løypebidrag».

Ved spørsmål, ta kontakt med Robert Frøysland, mob. 916 92 095

Karusellrenn 2 – 2016

Søndag 7.februar blir det andre karusellrennet denne vinteren arrangert. Oppmøte «med garden» v/Robert Frøysland kl.14.00.
– Fristil. Klassar for barn, damer, herrar og seniorar

Robert har køyrt opp ei publikumsvenleg løype som passar spesielt godt til dei yngste (lett terreng). Ei spesiell oppmoding til de over 65 år om å delta i seniorklassa. Vi sel nysteikte vaflar, kaffi og kakao og fyrer opp bål for dei som vil varme seg eller grille medbrakt.
Møt opp og ver publikum eller deltakar på søndag så blir det garantert god stemning! 

~Haukedalsgruppa

 

Skitur sundag 12. april kl. 10.00

Haukedalsgruppa arrangerer skitur fyrste sundag etter påske. Vi startar i Øvrebotten og går fyrst på skogsveg opp til Vikumstølen. Deretter går vi innover Årskogheia til Årskogstølen.

Ta med rikeleg med turklede, utstyr, mat og drikke til ein skidag på fjellet.

Vel møtt til skitreff i vårluft og sosialt lag!

NB! Ved dårleg vær vert turen avlyst. For evt. info ring 92 48 23 68 (Robert).