Resultat karusellrenn

Straks i gang. Ungane har stilt seg på rekke. Dei vaksne er klare til å heie. Foto: Linn Grepstad Nes.

Straks i gang. Ungane har stilt seg på rekke. Dei vaksne er klare til å heie. Foto: Linn Grepstad Nes.

Sundag 1. februar vart det andre rennet i skikarusellen arrangert i lysløypa. Flott klart vær, solskinn på toppane, men litt trått skiføre.

Temperaturen var omlag -6 C. Servering av varm saft til alle deltakarane. Totalt 39 deltakarar, bra med tilskodarar og god stemning både i løypa og ved sekretariatet.

Vaksne (menn tre runder, damer to runder):
Gert Runar Rørvik 26:54, Ingunn Rørvik 24:08, Karoline Orheim 20:36, Kjell Olav Kusslid 22:14, Anne Therese Kusslid 19:56, Lars Gjerland 32:46, Frank Frøysland 33:34, Bjørn Vold 36:21, Turid Vallestad 27:31, Ann Karin Nes 26:04, Steffen Fjørstad 35:23, Robert Frøysland 25:25.

7-14 år (ei runde):
Sondre Løland 20:14, Thomas Løland 14:19, Steffen Vold 34:35, Ingeborg Rørvik 15:58, Ludvig Rørvik 12:20, Arne Olai Vallestad 14:30, Daniel Hornnes 17:48, Celine Myren 13:03, Veronica Myren 15:35, Emil Frøysland 22:59, Elias Frøysland 22:35.

Da er rennet i gang! Foto: Linn Grepstad Nes.

Da er rennet i gang! Foto: Linn Grepstad Nes.

5-7 år:
Elisabeth Kusslid 7:51, Iselin Vold 6:09, Ida Frøysland 5:58, Sigrid Grepstad Nes 5:04, Ida Løland 7:09, Amanda Rørvik 3:53, Alexander Rørvik Bjørvik 6:29, Julie Hornnes 5:45, Maia Frøysland 4:36.

4 år og yngre:
Ann Kristin Kusslid, Lina Myren, Astrid Frøysland, Sverre Grepstad Nes, Nikolai Rørvik, Andrea Frøysland, Ingrid Frøysland.

Tidtakarar: Morten Vallestad Grøneng og Jan Erik Gjerland.

Minnar om nytt karusellrenn sundag 22. februar kl. 14.00. Klassisk og lagsrenn (fellesstart for dei vaksne). Vel møtt!

Haukedalsgruppa (idrettslaget).

Advertisements

Resultat karusellrenn

Sundag 18. januar vart det fyrste rennet i skikarusellen arrangert i lysløypa. Flott vær, solskinn på toppane og skarpt skiføre.

Temperaturen var omlag -3 C. Servering av varm saft til alle deltakarane. Totalt 30 deltakarar, mange tilskodarar og god stemning både i løypa og ved sekretariatet. Ungane hadde samla ein stor heiagjeng og var svært inspirerande for dei vaksne skiløparane!

Førebuing til karusellrenn. Foto: Linn Grepstad Nes.

Førebuing til karusellrenn. Foto: Linn Grepstad Nes.

Vaksne (menn to rundar, damer ei runde):
Kjell Olav Kusslid 16:23, Anne Therese Kusslid 10:25, Frank Frøysland 23:12, Robert Frøysland 19:14, Ingunn Rørvik 13:02, Ann Karin Nes 13:27, Gert Runar Rørvik 18:52, Turid Vallestad 14:35, Bjørn Vold 23:07.

8-10 år:
Ingeborg Rørvik 5:55, Emil Frøysland 7:00, Elias Frøysland 7:16, Steffen Vold 9:08, Christian Andreas Birkeland 9:10, Daniel Hornnes 5:44.

5-7 år:
Amanda Rørvik 4:33, Elisabeth Kusslid 8:00, Maia Frøysland 6:00, Iselin Vold 6:58, Ida Frøysland 5:46, Tone Renathe Birkeland 5:11, Sigrid Grepstad Nes 7:58, Julie Hornnes 6:32.

4 år og yngre:
Nikolai Rørvik, Ann Kristin Kusslid, Ingrid Frøysland, Andrea Frøysland, Astrid Frøysland, Sverre Grepstad Nes, Lina Myren.

Tidtakarar: Morten Vallestad Grøneng og Bodil Støfring.

Minnar om nytt karusellrenn 1.februar kl 14:00 – fristil. Vel møtt!

Haukedalsgruppa (idrettslaget).

Karusellrenn for dei minste er i gang! Foto: Linn Grepstad Nes.

Karusellrenn for dei minste er i gang! Foto: Linn Grepstad Nes.

Dei vaksne er klare til dyst. Foto: Linn Grepstad Nes.

Dei vaksne er klare til dyst. Foto: Linn Grepstad Nes.

17.mai feiring 2014

Takk for ein triveleg 17.mai i Haukedalen!

Håpar alle hadde ein fin dag, 17.mai komiteen meiner arrangementet vart vellukka med svært godt oppmøte. : )
Sidan det i år er 200 års grunnlovsjubileum, valde vi å satse ekstra på servering med full middag, festkveld med ståande buffet og kremkaker.
17.mai fall i år på laurdag og til middag var det 120 gjestar. Til festkvelden var det 160 tilbords. Dette vart utfordrande med noko venting og kø. Har vi nokon gong tidlegare vore så mange til festmiddag på Frøysland skule?

Takk til alle som deltok og gjorde 17. mai 2014 i Haukedalen til ein minnerik festdag frå morgon til kveld!

17.mai-komiteen 2014.

Ute/turgruppa for born

Tysdag 13.mai kl. 17:00: Me møtast hjå Beate og Roger på Hårklau og leikar på det flotte området deira nede ved vegen/vatnet. Tilrår kanskje ikkje sykkel denne dagen då det er ein del trafikk i området, men det er opp til foreldra å avgjera. Linn og Ann Karin har laga flotte skilt som me set opp i vegen for å gjera bilistane merksame på oss!

Vel møtt!

Ann Karin og Monika

Turgruppa for born

Imorgon 21.januar møtast me hjå Bjørn og Siv til aking på bøen nedanfor dei. Ikkje mykje snø, men bøen er sprøyta so me utnyttar muligheiten når me likavel ikkje øydelegg noko. Viss vinden ikkje løyar, kan me ev gå inn i stølsvegen som forrige veke. Der er lunare.

Ta med akebrett/kjelke , hovudlykt og mamma/pappa so har me det kjekt ilag i frisk luft.

Ann Karin & Monika

Turgruppa for born – tysdag 12.11.2013

Imorgon, tysdag 12.nov , skal turgruppa for borna (og andre som har lyst) møtast ved danseflaken og gå igjennom skogen og opp til Christian og Tone si spesielle huske! På vegen vert det kanskje litt spennande og litt skummelt i mørkret….
Kom med refleksvest og lykter og mamma/pappa kl 17 ved danseflaken.

Vel møtt!!!