Resultat karusell-/lagsrenn 12.mars (skidagskafe).

Sundag 12. mars vart det tredje og siste rennet (lagsrenn) i «skikarusellen” 2017 arrangert. Løpet vart gjennomført “med garden” hjå Robert Frøysland. Stilarten var klassisk. Det var overskya og +5 ℃. Som vanleg var det servering av varm saft til alle deltakarane. Etter rennet inviterte Haukedalsgruppa alle deltakarar, tilskodarar og bygdefolk på skidagskafe i skulen. Sal av kaffe, vaflar, brus og kaker. Her vart det utdelt lagsrennmedaljar, deltakarpremiar, heider og ære til deltakarane. Det var stor spenning ved trekning av basarbøker og ved loddtrekning. Både små og store vann fine premiar.

Totalt 34 deltakarar på lagsrennet og ungane deltok både på løp, med heiarop og leik rundt omkring i snøen. Løypetraseen var om lag 1 kilometer.

Resultat og deltakarliste:

Senior: (Damer – 3 rundar og Menn – 4 rundar):
Ann Karin Nes 15:22, Robert Frøysland 14:48, Gert Runar Rørvik 15:50, Kay Egil Heimestøl 24:19.

11-14 år (2 rundar):
Daniel Hornnes 13:09, Elias Frøysland 16:25, Arne Olai Vallestad 11:26, Hanna Kvammen 13:19, Silje Bergset Eide 14:52 og Ludvig Rørvik 09:24.

7-10 år (1 runde):
Sigrid Grepstad Nes 7:02, Andreas Haugs 9:51, Julie Hornnes 8:03, Maia Frøysland 7:26, Emil Frøysland 7:23, Karoline Kvammen 6:37, Ida Frøysland 6:25, Christian Andreas Søviknes Birkeland 7:00, Tone Renathe Søviknes Birkeland 8:02, Tormod Sværen Heimestøl 9:14, Ole Christian Bergset Eide 8:21, Amanda Rørvik 5:52 og Ingeborg Rørvik 5:32.

6 år og yngre:
Astrid Frøysland, Mia Othelia Vallestad, Sverre Grepstad Nes, Nikoline Bjørvik Rørvik, Andrea Frøysland, Ingrid Frøysland, Lina Myren Fjørstad, Jostein Kvammen, Benjamin Bjørvik Rørvik, Aksel Sværen Heimestøl og Nikolai Rørvik.

Tidtakarar: Magne Hornnes og Dag Inge Gjerland.
Sekreteriat og kafesal: Linn Grepstad Nes, Bodil Støfring, Magne Hornnes.

Takk for oppmøtet og gruppa oppfordrar små og store til å halde fram med ein aktiv fysisk kvardag.

(Minnar om at påskrive årstall på premiekoppane må varmast ved 150 C i 35 min for å tole oppvaskmaskin.)

~Haukedalsgruppa

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s