Skiaktivitetar påskeaftan – flytting av familiedag og avlysing av fjelltur

På grunn av dårlege vermeldingar avlyser vi fjellturen til Venevasseggja påskeaftan og flyttar dei planlagte skileikaktivitetane til lysløypa på Frøysland. Parkering ved skulen og oppmøte frå kl.13.00.

I god tradisjon organiserer vi ein uhøgtideleg påskestafett og vi set saman blanda lag med liten og stor. Får vi sjå gode, gamle treski til start? Vi vil også legge til rette for «slalom», hopp og anna skileik. Ta gjerne med akebrett.

Om nokon ønskjer å grille medbrakt set vi opp ei bålpanne. Ta med de det treng av mat/drikke og utstyr sjølve. Tilbodet er gratis.

Vel møtt!

– Førde IL Haukedalsgruppa

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s