Informasjon om Haukedalen Bygdekvinnelag

Haukedalen Bygdekvinnelag har vore ein viktig organisasjon gjennom mange tiår, og har vore med å utvikla bygda vår til å bli ein god stad å bu. Laget har organisert og gjenomført utallige arrangement som; møter, kurs, studieringar, basarar, kafedagar, trimturar osv. Laget har vore ein viktig samlingstad for kvinnene i bygda, noko som var svært viktig for samhald og trivsel, men også for kunnskapsdeling og styrking av kvinners rettar som bønder.

Samfunnet rundt oss forandrar seg, og det gjer også bygda vår, og laget har gjennom dei siste åra streva med rekruttering. Medlemstalet har vore lågt, og «konkurransen» med all anna aktivitet som føregår, gjer at medlemmane i laget har bestemt å avvikle laget.

Det har vore avhelde to årsmøter gjennom det siste året som stadfester dette.

Laget er viss på at utviklinga av bygda vil fortsette, og lag som Bygdeutviklingslaget, ute/turgruppe, idrettslaget, 4H og dei ulike grendalaga vil syte for det.

Bygdekvinnelaget har overført alt utsyr som er i Frøysland Skule til Husstyret ved skulen, og det er underskriven avtale som skal ivareta dette på ein god måte.

Vi takkar alle som har vore medlemmar i laget, eller på anna måte har støtta laget gjennom alle dessa åra.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s