Haukedalsgruppa informerer 2015

Fjorårets vinter var fattig på snø og tilhøyrande ski arrangement. Då er det bra at vi kan bruke årets snørike vinter til ulike skiaktivitetar. Nedanfor følgjer ei oversikt på Haukedalsgruppa sine arrangement denne vinteren:

Skikarusell:
Som tidlegare vintrar vert det arrangert karusellrenn i Haukedalen med tilhøyrande avslutning og premiering på eigen skidag. Alle klassar og karusell premiar ved deltaking på minst 3 av 4 renn.

Datoar for karusellrenna:
Sundag 18. januar kl. 14.00 Klassisk.
– Sundag 1. februar kl. 14.00 Friteknikk. 
– Sundag 22. februar kl. 14.00 Klassisk og lagsrenn.
– Sundag 8. mars kl. 13.00 Sprintstafett og skidagskafè med premiering på Frøysland skule.

I år kan vi endeleg ta i bruk forlenginga av lysløypa frå Oregjelet via hoppbakken til ”Meieriet”. Nytt av året er såleis at parkering til skirenna er på Frøysland skule. Start og målgang vert dermed ved ”Meieriet”.

Aktivitetskveldar:
I samband med tur-/barneleik gruppa sine faste aktivitetar tysdagar frå kl. 17.30 og utover, vil vi enkelte dagar kunne gje rettleiing i grunnleggande ski instruksjon. Dette er såleis eit tilbod både for liten og stor med hovudmål om at flest mogleg brukar snøen og lysløypa til fysisk aktivitet!

Trimpost lysløypa:
Det vil som tidlegare år bli sett opp ein trimpost i lysløypa frå og med onsdag 14. januar. Den vil stå i inste enden av ekstrasløyfa på lysløypa. Ein fellesklasse og ein registrering for kvar trimtur i lysløypa.
Døme: 5 trimturar i lysløypa gjev 5 lodd i potten til trekking av ein hovudpremie på skidagen 8. mars.

Skitur:
Med von om fint vèr og godt føre vil vi arrangere ein felles skitur for små og store ein sundag i månadsskifte mars/april. Nærmare info om tid og stad kjem når datoen nærmar seg.

Løypeinformasjon:
I løpet av det siste 1 ½ året har vi med bra dugnadsinnsats frå bygdefolket både forlenga og lagt om delar av løypetraseen, samt reparert lyslinja og nokre lyspunkt. Lysløypa er no om lag 2,5 kilometer og den nye ekstrasløyfa frå Oregjelet via hoppbakken og til skulen er fram og tilbake om lag 600 meter. Til orientering manglar vi her lys i nokre få lyspunkt og i vinter løyser vi dette truleg best med bruk av hovudlykt!

Starten på årets skisesong har vore snørik og dertil prepareringsmessig utfordrande. Vi har likevel fått på plass dei to viktigaste tinga; Nemleg lys i løypa og ein brukbar løypetrasè. Håpet framover er at både snøen og vèret roar seg litt slik at vi kan tilby både bygdefolket og turistar i dalen ei lysløype med god kvalitet. I utgangspunktet vil vi prøve å preparere løypa til tysdagskveldar, helg og vinterferie. Grunnlaget er likevel at preparering blir utført ved nokolunde stabile vèr-, vind – og temperatur tilhøve og innanfor det økonomien til gruppa til ein kvar tid tilseier.

Oppmoding:
Haukedalsgruppa ynskjer så ofte som mogleg å tilby ei godt preparert lysløype. Laget si oppmoding til husstandane i bygda, hyttefolk, andre bygdesympatisørar og potensielle sponsorar er derfor å støtte opp om aktiviteten i form av eitt årleg løypebidrag. Gruppa vil då kunne ha økonomisk grunnlag for å tilby ei velpreparert løype om lag fram til påske. Haukedalsgruppa håpar såleis kr. 400,- i årleg løypebidrag er ein akseptabel pris, men vi er sjølvsagt takksame for alle små og store bidrag.

Fint om årets løypebidrag blir betalt innan 1. februar. Haukedalsgruppa sitt kontonummer er: 3700.20.46831.

Skiløype med skjeldalfres i Haukedalen.

Skiløype med skjeldalfres i Haukedalen.

Det snøar ikkje skispor – vi lagar skispor til glede for alle!

Vel møtt til fysisk aktivitet og med håp om Godt Nytt Skiår!

Helsing

Haukedalsgruppa (idrettslaget)

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s