Opning av ballbingen

Onsdag 6.oktober vart ballbingen på Frøysland skule opna. Det vart ein kjekk dag sjølv om regnet sila ned.
Det er mange år sidan Haukedalen bygdeutviklingslag og Frøysland skule søkte om å komme i prioritet når det galdt spelemidlar til ballbinge. I august kom gladmeldinga. Bygdeutviklingslaget med John Magnar Gjerland i spissen gjekk straks til aksjon. Det vart kalla inn til møte, og dugnadslista vart sett opp. På fire veker vart arbeidet gjort.
Dei tilsette på skulen begynte å fable om at arealet vestanfor ballbingen måtte kunne opparbeidast og brukast til parkering og ut- og inntrafikk. Dette vart sett på som ein god ide. Kommunen støtta planen, og jammen vart også dette gjort før opninga.
No har Frøysland skule ein flott og ryddig uteplass. Ballbingen, som eigentleg er ei ball-løkke, tek seg veldig godt ut. Både skulen og bygda kjem til å få mykje glede av denne.
Til opningsfesten var bygdefolket inviterte, ordføraren, kommunalsjef Håkon Fimland, ein representant frå fotballkrinsen, ein representant frå Sparebanken Sogn og Fjordane og Firda. Alle kom. Ordføraren klipte snora og føretok den offisielle opninga.
Det vart utdelt ballar frå kommunen og fotballkrinsen. Sparebanken hadde med seg sjekk. Haukedalen idrettslag hadde kjøpt kjegler. Kommunen kom med blomster. Det var fleire taler; rektor, ein av elevane, ordføraren, Rasmus Værn, Tor Grane, Anne Grethe Steinfeld og Robert Frøysland. 
                                                  Frøysland skule 022.JPG
Elevar og lærarar hadde dekka bord i gymsalen og ordna med mat. Det var dekka til 60 personar, og det passa akkurat. Veldig kjekt at så mange bygdefolk kunne komme på ein føremiddag klokka elleve. Elevane framførde både ballbingesong og ballbingedikt og var riktig flinke. 
                                Frøysland skule 037.JPG
Takk til alle som har vore med for å få dette til!
(tekst: Lilly Grøneng)
Advertisements

One thought on “Opning av ballbingen

Kommentarfeltet er stengt.